NYHENDE
Shetlandsgjengen Filmklubben viser denne norske film-klassikaren på Kystmuseet søndag den 28.januar kl 18.00 - 20.00. Eit unikt historisk dokument der m.a. Shetlands-Larsen spelar si eiga rolle.

Velkommen til Kystmuseet
Kystmuseet i Sogn og Fjordane har hovedbase i Florø med tre utstillingsbygg og stort uteområde med flott natur og gamle hus. Vi har aktivitetar for barn og vaksne både ute og inne. Langs museumsløypa finn du hyggelege rasteplassar der du kan ete niste, og i caféen vår har vi kaffe, kaker og kioskvarer. I sommarsesongen har vi geiter på beite og robåtar til utleige.
Utstillingane våre formidlar natur- og kulturhistorie frå kysten av Sogn og Fjordane. Her er ei stor båtsamling, gjenstandar frå bygd og by ved kysten, og ei utstilling om den moderne oljeverksemda. Blant dei lokale kulturminna finn ein klare spor etter kontakten med omverda, som kinesisk porselen, silkeputer og kakeboksar frå Quality Street.
Shetlandsgjengen Filmklubben viser denne norske film-klassikaren på Kystmuseet søndag den 28.januar kl 18.00 - 20.00. Eit unikt historisk dokument der m.a. Shetlands-Larsen spelar si eiga rolle.

Musea i Sogn og Fjordane
Brendøyvegen, 6900 Florø
Telefon: (+47) 98 26 98 54
ksf@misf.no
Fakturaadresse:
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Gota 16, 6823 Sandane
Merk: Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Org.nr. 994 179 136
Bankkonto: 3705 16 96647
faktura@misf.no
Musea i Sogn og Fjordane er eit konsolidert museum med Nordfjord Folkemuseum, Sunnfjord Folke-museum, De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum, Norsk Kvernsteinsenter, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Kystmuseet i Sogn og Fjordane. www.misf.no