| BÃ¥thallen |
|
There are no translations available. I 1985 kjøpte Sogn og Fjordane fylkeskommune sognejekta Svømmianna med tanke på restaurering. Nokre år seinare blei stiftinga Bøya laga, eit kombinert bu- arbeids- og skuletilbod for ungdom med åtferdsvanskar. Arbeidstilbodet vart restaureringa av Svømmianna. Kystmuseet fekk bygsla grunn i Båtevika og bygde slipp og båthall rundt Svømmianna. Her vart det og laga plass til restaureringsverkstad. Bøya vart nedlagt i 1994 og Kystmuseet overtok båthallen og Svømmianna frå fylkeskommunen. Sidan har det ikkje vore aktivitet på Svømmianna, men verkstaden har vore brukt til ymse andre restaureringsprosjekt.
|



