Sommarsesong (22.06 - 18.08 2013)
Måndag - fredag: 11.00 - 18.00
Laurdag - sundag: 12.00 - 16.00
Resten av året:
Måndag - fredag: 10.00 - 15.00
Sundag: 12.00 - 15.00
| Aktuelt |
| Kva skjer |
| Besøk oss |
|
Sommarsesong (22.06 - 18.08 2013) Resten av året: |
Kystmuseet er ei avdeling av stiftinga "Musea i Sogn og Fjordane". Museet har hovudbase i Florø med tre moderne museumsbygg og eit uteområde med tilflytta hus. Her ligg mellom anna Bataldebua - ei saltebu frå 1800-talet. Museet har anlegg i andre kystkommunar i fylket. Størst er handels- og gjestgivarstaden Vågsberget i Vågsøy.
Kystmuseet ligg i og har samla inn lokalt materiale frå eit gamalt kulturlandskap: den atlantiske lyngheia som stekkjer seg frå Lofoten og nedover på begge sider av Nordsjøen og langs Biscaya til Portugal. I dette landskapet vaks det fram ei livsform som mange kan kjenne seg att i på heile den lange strekninga der lyngheia framleis blømer.
Hovudhusa inneheld administrasjon, eit godt fagbibliotek, arkiv og ikkje minst fagfolk som står til teneste for publikum. Utstillingane viser m.a. lokale båttypar, fiskeri, fraktefart, interiør i ein fiskarheim på byrjinga av 1900-talet, lokal fauna og ei av dei største permanente oljeutstillingane i landet. Kystmuseet ynskjer alle velkomen til å vitje samlingane på museet!
