| 12. mai: Opning av fotoutstilling: Gripen av havfolket. Fotografi av Robert A. Robinson |
|
There are no translations available. Bli med på opning av sommarutstillinga til Kystmuseet: eit utval fotografi tekne av den amerikanske fotografen Robert A. Robinson (1927-1996) i Florø og omegn på 1950-talet. Tid: kl.18.00 - 20.00 Stad: Kystmuseet (hovudinngangen) Foredragshaldar: Ingrid Norum, konservator ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum innleier med foredraget: Robert A. Robinson - forelska fotojournalist Dan Young, fotograf og kollega av Robert A. Robinson, held ei kort innleiing I år er det 50 år sidan Robert A. Robinson ga ut fotoboka Captured by the Norwegians. Nokre år før, kom den 24 år gamle Robinson til Noreg på sommarferie invitert av ein norsk medstudent frå fotografstudiet ved Arts Center College i Los Angeles. Meininga var at han skulle reise heim etter ferien, men han blei i Noreg i mest 15 år. Dei første åtte åra budde han i Bergen, og han reiste mykje rundt i Sunnfjord og Sogn og skildra med kamera etterkrigstidas menneske og miljø i det kvardagslege. Dette gjorde han med stor varme og humoristisk sans, men samstundes med undring og respekt for folka som budde i dette framande landet. Dette er den tredje av i alt fire fotoutstillingar Kystmuseet vil vise i samband med 150 års jubileet i 2010. |



