Sildeutstillinga opna!
There are no translations available.

Onsdag 4. november vart det opna ei ny sildeutstilling på Bataldebua. Om lag 40 menneske fekk høyre Kristian Jansen fortelje om sild og samfunn i Sunnfjord og sjå film frå det store sildefiske på 50-talet.

 

Bataldebua var ei av dei største saltebuene i Batalden under det store sildefiske på midten av 1800-talet. Ho vart flytta til Sunnfjord museum i 1929. I 1959 vart ho sent til Florø, men vart først sett opp på museumsområdet tidleg på 90-talet. Bataldebua står no på museumsområdet på Prestholmen.

Kystmuseet ynskjer at Bataldebua skal vere meir tilgjengeleg for publikum, og vi ser for oss faste guida turar til bua om sommaren og elles for grupper etter avtale. Ta gjerne kontakt med oss dersom du ynskjer å sjå utstilling.