|
Lærte om den eldste kystkulturen |
|
There are no translations available.
Elevar på 4. trinn i Flora kommune har i haust fått lære om den eldste kystkulturen i Flora-distriktet. Dei har og fått prøve seg som arkeologar.
Gjennom ei forteljing kombinert med bilete, lyd og film fekk elevane først høyre om korleis steinaldermenneska tok i bruk og levde i eit nytt kystlandskap då isen smelta og drog seg attende etter siste istid. Frå rundt 10 000 år sidan veit vi at menneska er på plass i landskapet på Vestlandet og tok til å utnytte dei rike ressursane her. Kysten var, då som no, rik på ressursar og gode lokalitetar for kortare og lengre opphald.

Klubbemannen Vi tok utgangspunkt i teikneseriar med leopardskinnkledde menneske med bein i håret og klubbe i handa og stilte spørsmålet: kven var eigentleg desse menneska som kom hit for 10 000 år sidan? Det er lett å førestille seg samfunnet i eldre steinalder som "primitivt" og "tilbakeståande" og "enkelt" oppbygd. Men tenkjer vi oss om, så skjønar vi at for å overleve på ein slik barsk kyst som vår og basere seg på fangst, jakt og fiske, så skulle det ei viss organisering og planlegging til. Samfunnet i eldre steinalder var nok meir komplisert enn vi har lett for å tru. Arkeologspirar i felt Etterpå fekk elevane ei innføring i korleis arkeologane arbeider når dei leiter etter spor frå fortida. Gjennom ei skulegraving på museumsområdet fekk dei prøve seg som arkeologar gjennom graving, sålding og dokumentering - og det gjekk ikkje lange stunda før alle elevane lærte seg å kjenne igjen flinten. Kystmuseet takkar alle elevane som har vore med for super innsats! Vi ser at det finst mange arkeologspirar i Florø-området!
 Kva skjuler seg i sÃ¥lda til elevane i klasse 4B Florø barneskule? Â
|