Målsetjing
I besøket får de:
- sjå på og lære om viktige innslag i førjulstida og julefeiring i fiskarbonden sin heim.
- lære om gjeremål og folketru.
- vere med å skape forteljinga om livet her på kysten før i tida.
- lage noke sjølv
- smake litt på den gamle julefeiringa.
Organisering:
- tidsramma er ca. to klokketimar, men vi kan avtale tilpassingar som høver skulen.
- elevane er vekselvis samla som klasse og oppdelt i mindre arbeidsgrupper.
- elevane får oppgåver dei skal jobbe med og så framføre i samla klasse.
- opplegget vert laga for fjerde klasse, og tek utgangspunkt i læreplanen sin generelle del om Kulturarv og identitet:
- «Utviklinga av identiteten åt kvar einskild skjer ved at ein lever seg inn i nedarva veremåtar, normer og uttrykksformer. Opplæringa skal derfor ta vare på og utdjupe den kjennskapen elevane har til nasjonale og lokale tradisjonar - den heimlege historia og dei særdrag som er vårt bidrag til den kulturelle variasjonen i verda.» K-06. U-dir.
Ta kontakt med formidlingsleiar dersom de har spørsmål.
Epost: stinaceline.gjerdingen@misf.museum.no Telefon: 98 26 98 53